Det følgjande er eit tilrettelagt utdrag av Folk og fortid i Hol IV.Hol IV


Søre Villand (utflytte)

Til Hemsedal.

(I) Ei Børgesdtr. søre Villand f ca. 1600, g m Johannes Gjestson.

Til Voss.

(II) Jørann (el. Jorunn) Olsdtr. søre Villand f ca. 1645 d 1718, g 1. g m Lars Olavson Øvsthus, Voss, g 2. g m Herlov (Herlaug) Johannessen.

L. Kindem seier i Vossaboki II, s 390, at Lars Olavson var leiglending på Øvsthus 1657, 1661 og 1664, at Herlov Johannessen var leiglending der frå føre 1691, og «Herlov var gift med enkja Jorunn Olavsdtr. som døydde 1718.» Det var skifte etter Jorunn i 1718. Kindem seier ikkje noko om kvar Jorunn var frå.

Andre har hevda at Jorunn (Jørann) var dotter til Ola Børgeson søre Villand, og nemner som prov for det at Elling Nilson søre Villand møtte som verje for sonen hennar, Johannes Herlaugson, då Jørann var død i 1718 (Ivar Eilevson Øvsthus, Raundalen, f 1860, til SR etter Lars Kvarekvål, Raundalen, f 1856).

Ein finn mange etterkomarar etter Jørann i Vossaboki III, s 390, og I s 469—470, og 363, o.fl.st.

(III) Ingjerd Aslaksdtr. Villand f ca. 1650, kom i 1699 til bruk 3 på Kolve, Raundalen, Voss, enkje med 4 born. Eldst var nok Øli (Eli), ho hadde nemleg barn 1704, altså g ca. 1703 eller før, truleg då f ca. 1678. Det var og ho som i 1708 fekk skøyte på 3 spann i Kolve:

(IV) 1. Eli (Øli) Knutsdtr. f ca. 1678, g 1. g m Kjel, g 2. g m Lars Bårdson Sponheim, Lid, f ca. 1688 d 1751. Eli hadde 3 born med Kjel og 3 med Lars. Lars Bårdson kom til Lid i Raundalen med Eli og deira 3 born: Kjel f 1710, Guro f 1713 og Bård f 1716 (sjå Kindem: Gardssoga, Voss II, s 343).

Eli og Kjels tre born: Lars f 1704 d ug 1744, Knut f 1706 kom til Bø, og Ambjørg f 1707. Ambjørg Kjelsdtr. vart g m Anders Larson Kolve f 1712, kom til Dukstad, bruk 6, hadde 5 born (Kindem: Gardssoga II, s 22).

Nr. 3 av borna deira var:

Lars Anderson Dukstad f 1739, som kom til Ytre Takla, g 1. g m Anna Gudleiksdtr. Takla, g 2. g m Ingjerd Knutsdtr. Kinne. 5 born m Anna og 4 m Ingjerd.

Eldst av dei 9 borna var Ambjørg Larsdtr. f 1759 g m eidsvollsmannen Brynjulf Anderson Gjerdåk.

Frå nesteldste sonen, Kjel Larson Ytre Takla f 1761, ættar fleire kjende personar på Voss og andre stader, særleg mange frå eldste sonen:

Lars Kjelson Ytre Takla f 1788. Eldste son hans att var: Kjel Larson f 1822, og eldste dotter hans var Arngunna Kjelsdtr. f 1847, g m lærar Odd Granlien f 1841. Mel. deira 7 born: lektor på Voss landsgymnas, Nils Granlien f 1874 og sokneprest i Tynset Haldor Granlien f 1887, lærarinne på Voss folkehøgskule Eli Granlien og Lars Granlien som overtok garden i 1918. Son hans (L. Kindem: Gardssoga for Voss III, s 108), Odd Granlien, melde seg til Villands-Hjermann-ættestemna i Raggsteindalen i 1963.

Nesteldste dotter til Lars Kjelson Ytre Takla f 1788, Ingebjørg Larsdtr. Ytre Takla f 1831 vart 1854 g m lærar og kyrkjesongar Olav Larson Kindem, gardmann på Bryn, foreldra til bankdir. m.m. og forfattar av Voss-soga Lars Kindem, f 1856, og oberstløytnant Martin Kindem f 1870, far til musikkhistorikar og leiar av musikklina på Nissen skole i Oslo, lektor Ingeborg Kindem (Kindem: Gardssoga III, s 159).

(V) 2. Tolleiv Knutson Villand — Kolve f 1680 g m Sigrid Hallesdtr. f 1679 d 1749, hadde garden Bø i Raundalen. Med ved nymatrikuleringa i 1723. Då han døydde 1769 skreiv Bergens Adressekontors Etterretninger at Tolleiv hadde hatt ei god helse, gjekk 2 mil til kyrkje kvar messesundag, og var i arbeid til 15 dagar før han døydde (LK: Gardssoga II, s 335).

Han hadde 3 born: a. Brynhild. b. Marta g 1732 m Knut Kjelson Store Skiple. c. Ingjerd g 1731 m Kjel Larson Lid, budde på Lid, seinare på Gjukastein. Etterkomarar av dei sit enno på bruk 1 på Gjukastein (LK: Gardssoga, I, Voss, s 211).

(VI) 3. Asle (Aslak, Atle) Knutson Villand — Kolve f 1686, g 1715 m Brita Larsdtr. Grovu, var rådsmann på Kolvu 1715, kom sidan som husmann til Lid og Bø. Sonen: Knut Asleson f 1715 bygsla Reime, 6 born. Hans etterkomararar sit enno på Reime, bruk 1, (1936) (LK: Gardssoga II, s 407). Asle Knutsen sjølv kom som enkjemann med borna Sigrid og Lars til Aurland i Sogn, til garden Kårdalen. Sonen Lars Asleson f 1739 hadde garden Tunshelle, fekk stor etterslekt etter seg i Aurland (Aurland II, s 328 nr. 36, og s 324 nr. 62)

Ein sonesonson til Knut Asleson f 1715, Asle Sveinson Reime — Vinjo f 1811, g m Kristense Larsdtr. Vinjo (av Miltzow-ætta), kjøpte gard i Jordalen og flytte 1852 til Vold i Vik i Sogn. Etterkomar etter dei er fylkeskonservator Svein Vold, styrar av Sogn Folkemuseum (Heibergske Samlinger), Ambla, Sogn.

(VII) 4. Ola Knutson Villand — Kolve f 1692.


Til Ål.

(VIII) 1. Nils Olson søre Villand f 1717 g m Margit Sjugurdsdtr. Nos – Arnegard, Ål. (sjå Hol I, s 465). Born:

  1. Ragnhild Nilsdtr. Nos f 1744 g m Ola Eilevson nordre Helling, Øvre-Ål, f 1749 d 1819. 6 born:
    1. Margit Olsdtr. f 1772 d 1778 som barn.
    2. Kristi Olsdtr. Helling f 1775.
    3. Eilev f 1777 d ung (åndsveik).
    4. Margit f 1781 d 1813.
    5. Kristi Olsdtr. Helling f 1783 g 1814 m enkjemann Knut Olson Hove.
    6. Nils Olson Helling f 1785.

    Nr. 5 i denne rekkja, Kristi Olsdtr. Helling, f 1775 d 4/3 1856 i Gudmundsrud, var uvanleg gåverik. Sonen, Nils Knutsen Gudmundsrud, som vart lærar, gjekk, saman med den gåverike Tor Villand i Hol, i lære hjå henne før dei vart lærarar, fortel Hildet, (s 180.)

    Kristi hadde ug 3 born:

    1. Nils Knutson f 1799 d 1802 3 år gl.; far: Knut Olson Sandehuset, Sundre, f 1781.
    2. Nils Knutson Gudmundsrud f 1803 d 1883, skriven far: Knut Olson Sundre (Sandehuset), lærar, ordførar i Ål 1838—74 osb. alle slag kommunale tillitsverv, leiande mann i bygda. 6 born, mel. dei: Lars N. Gjelddker f 1828, lærar, framståande kommunemann i Ål; og: Kristi Nilsdtr. Gudmundsrud f 1830 g m Henrik Olson Torsgard, Ål, til Sindrol i Hol (sjå nedre Sindrol), og: Gro Nilsdtr. Gudmundsrud f 1841 g m Ola Svendsen Skrattegard, Northwood, N. Dak., skreiv seg Svendsen. Prof. Th. Blegen USA har gjeve ut breva frå Gro Svendsen heim: «Frontier Mother. The Letters of Gro Svendsen», 1950. Bror deira: Ole Nilsen Gudmundsrud f 1844, skreiv seg Ole Nilsen, kjend prest i Am., ei tid red. av «Hallingen», o.m.
    3. Ragnhild Andersdtr. Helling f 1/6 1813 d 1880; far: Anders Anderson Helling (Gudmundsrud) f 1786. Anders budde i ei stugu ved Gjeldokk (el. Helling), ein godt opplyst mann (sonesonen E. Bækkestad). Ragnhild vart g m Tolleiv Ellingsen nordre Bekkestad f 21/5 1827 d 1867, son til Elling Knutson Solheimslåtta (Dokken), Hol, og kona, Margit Persdtr. Lybekk, som var son til Knut Ellingsen søre Foss, Hol, f ca. 1756, og kona, Margit Olsdtr. Bekkestad f 1758.

      Ragnhild Andersdtr.’s barn føre ekteskapet:

      1. Kristi Knutsdtr. f 1839 d 1925; far: Knut Sveinson nordre Reinton f 1813 (son til Svein Knutson søre Reinton d.y. f 1789), var i Tunehago, og hadde med kona, Anne Toisdtr., 3 born til (sjå Hol III, s 58, 62).
        Kristi reiste til Am. i 1860, vart g der m Sven Swenson f 1836 d 1905, son til Sven Swenson Rudningen f 1808 og kona, Guri Sandersdtr. Slettemoen f 1812, som reiste til Am. med borna frå Ølmedokken (Solheimslåtta) i 1857 (om dei og borna sjå utfl. (VI. VII) frå Rudningen, Holet, Hol III, s 861 ff.) — Sjå bil. av Kristi Swenson mellom 8 vaksne born, 9. ikkje til stades), Hol II, s 778.
        Eldste son deira var: Lauritz Selmer Swenson f 1865, amerikansk minister i Oslo og fleire andre europeiske land (sjå nærare om han, med bil., Hol II, s 777 og 792). Einaste attlevande dotter, Viola Nørgaard, og hennar familie lever i Noreg (sjå bil. ned. og om etterslekta Hol III, s 862 ff.)

        Ragnhild Andersdtr. og Tolleiv Bekkestads born:

      2. Erling Tolleivson Bekkestad f 5/8 1850 d 3/10 1945 g m Kari Sveinsdtr. Bekkestad f 1846, budde i nordre Bekkestad, 1857—83, sidan på Underberget. Lærar i nær 50 år, ordførar o. m. i Ål. Born:
        1. Magnhild Erlingsdtr. f 24/6 1871 g m Ola Hanson Bekkestad f 1876, budde i Rudningen, Kvinnegardslien, 7 born: 1. Hans Olson Bekkestad f 1903, lærar, g m Arnlaug Grøstad, Modum, f 1906. 2. Kari f 1905. 3. Erling f 1907. 4. Gro f 1910. 5. Torleiv f 1913. 6. Margit f 1915. 7. Kristi f 1919.
        2. Birgit E. Bekkestad f 1874 g m Jakob Andreas Samuelsen, f 1876, lærar på Modum. Ein son: Andreas Samuelsen f 1902, lektor ved Tank skole, Bergen (1937), 2 born.
        3. Torleiv E. Bekkestad f 1876, til Am. 1901, g der med Birgit Olsdtr. Myking, frå Ål, f 1868, 5 born.
        4. Svein E. Bekkestad f 1881, g 1. g m Kari Larsdtr. Strand f 1889 d 1921, g 2. g m Anne Eiriksdtr. Sumbrei f 1885, med 1. kona 2 born: Erling f 1914 og Kristi f 1916, g m Lars Olson Brattåker, Hol, f 1913.
        5. Kristi f 1883, d 1889.
        6. Tord E. Bekkestad f 1886 g m Margit Knutsdtr, nedre Sindrol, Hol. Om dei og borna sjå utfl. (XX) frå nedre Sindrol.
        7. Nils E. Bekkestad f 1888, ug, levde på Sundre.
      3. Margit Tolleivsdtr. Bekkestad f 30/10 1853 d 1941 g m skreddar Per Olson Sumbreihaugen f 1847 d 1823, hadde Perstølen i Ål, som dei tok namn etter. Born:
        1. Ola P. Perstølen f 26/11 1877 g m Dorthea Høyholm f 1877, frå Tjøtta, Nordland, skreddar og forretningsmann, ordførar i Ål o.m., førande i ungdomsarbeid, mel.a. med og skipa Hall.dal folkehøgskule. 5 born:
          1. Margit f 1914 d 1916.
          2. Jorunn f 8/7 1915 g m Kaare Søylånd, Gjestal f 1910. 8 born:
            1. Margunn f 1939 g m Per Torbjørn Nesbakken f 1942. 2 born.
            2. Ådne Søyland f 1940 g m Oddbjørg Johanne Hansen f 1944. l barn.
            3. Dagfrid f 1942 g m Arthur Bye f 1947.
            4. O1a Søyland f 1944 g m Liljian Larsen, l barn.
            5. Svein f 1947, ug.
            6. Ingrid f 1950 g m Magnus Kåre Hope, Nordfjord, ingen born.
            7. Aud f 1954, ug.
            8. Kåre f 1957, ug.
          3. Einfrid Perstølen Grønvik f 15/6 1917, lege, psykiatri - barnepsykiatri, g m Odd Grønvik f 1918, lege, nevrologi, bustad Asker. 4 born:
            1. Oddrun f 1947, filolog, BA frå London, studerer nå i Oslo.
            2. Audun f 1949, medisinar.
            3. Gunnvald f 1955, studerer sosiologi.
            4. Dagfinn f 1955, gymn.
          4. Per O. Perstølen f 1919 g m Sigrun Bakke, frå Asker, har forretninga etter faren på Sundre. 4 born:
            1. Ola f 1943 g m Tordis Stave, har 3 jenter.
            2. Halle f 1947, tilsett i Ål Sparebank.
            3. Torleiv f 1951, på NLH, Ås.
            4. Unn f 1962.
          5. Margit O. Perstølen f 28/5 1923, i bokhandelen etter faren, ug.
        2. Torleiv P. Perstølen f 16/1 1880, skreddar, ug.
        3. Asle P. Perstølen f 6/8 1882 d 1929, forretningsmann på Sundre, g m Anna Ivarsdtr. Synnes, Vigra, Sunnmøre, f 1900. Dtr.:
          1. Aslaug f 1929. Mor og dtr. til Bergen, Aslaug g der, 3 born
        4. Halldis Persdtr. f 1/11 1884 g m Jens Romslo, jernbanemann, f 1872. 3 born:
          1. Ingeborg Marie Romslo f 19/10 1916 g m bonde Olav Olson Vindegg, Hol (sjå Vindegg, Kvisla).
          2. Peter Martin Romslo f 1918, g m Kjellaug, lokomotivfører, 2 born.
          3. Margit Agate f 1925 d 1928.
        5. Ragnhild P. Perstølen f 1886 g m Hallvard A. Ødegaard, Voss, jernbanekonduktør, 8 born:
          1. Ottar f 1909.
          2. Per f 1912.
          3. Kjerlaug f 1913.
          4. Magnhild f 1915.
          5. Ragna f 1917.
          6. Halldis f 1920.
          7. Harald f 1922.
          8. Tordis f 1926.
        6. Erling Perstølen f 1889 g m Margit Olsdtr. søre Halingstad, hadde øvre Reinton. 6 born (sjå øvre Reinton).
        7. Nils P. Perstølen f 1891, d 1903 av heilebrand.
        8. Olav f 1893, d liten av blodforgiftning.
        9. Kristi Perstølen f 1895 g m Torstein Helleve, Voss, f 1891. 3 born:
        10. Margit P. Perstølen f 1898 d 1936, budde på Perstølen.
          (Oppl. om etterkomarane til Nils O. Villand — Nos mest etter ætteoppteikn. av Erl. Bækkestad, med tillegg av dr. Einfrid Grønvik, okt. 1973.)
      4. Ragnhild Tolleivsdtr. Bekkestad f 6/12 1857, til Am. 1876, g der m Charles Johnson, Ingen born. Ragnhild hadde 2 born føre ekteskapet:
        1. Randina Theolena Olson g m Archie McArthur. Born:
          1. Edna g m A. B. Hogenson
          2. Archie.
          3. Charles d 1/14 1969.
          4. Luella g m Paul Jones.
          5. Elvina g m Louis Smith.
          6. Donald.
        2. Elvina g m William Dickenson. Born:
          1. Ei dotter, i Canada.
          2. Ein son. (Oppi. av Mrs. A. B. Hogenson, Pacific, Wash.).

    Borna til Nils Olson Villand f 1717 og kona, Margit Sjugurdsdtr. Nos vidare:

  2. Birgit Nilsdtr. Nos f 1745 g m Herleik Olson Verpe f 1740 (ikkje frå Verpe i Ustedalen).
  3. Ambjørg Nilsdtr. f 1747 d 1779, ug.
  4. Guri Nilsdtr. Nos f 1752 g m Kristian Knutsen Sundrebråten f 1743. Ei dotter:
    1. Margit Kristiansdtr. f 1781. Ho hadde ug eit barn: Tolleiv Larson Nos f 1801; far: Lars Tolleivson Dengerud f 1776, ug. Tolleiv vart g m Kristi Trondsdtr. Sundre f 1803. Om dei og borna deira, mel. dei Kristian Tolleivson nordre Øygarden, Lio, f 1828, og Birgit Tolleivsdtr. Myren, Skurdalen, f 1836, sjå nordre Sveinhaug.
  5. Åse Nilsdtr. f 1755 d 1837, g 1. g 1801 m Per Torson Haugen i Sudndalen, g 2. g m Per Tolleivson Kleppa i Hovet, «skoleholder». Enkja Åse Nilsdtr. Haugen var 68 år gl. då ho i 1825 vart oppattgift med Per Kleppo.
  6. Ola Nilson Nos f 1760 d 1795 på Sundrehagen, ug.

(IX) 2. Torkjell Olson Villand f 1719 d 1776 g m Birgit Jakobsdtr. Rue, Hovet, f 1728, ho g 2. g m rosemålar og snikkar Christen Samuelson Aanstad, frå Gudbrandsdalen, f 1832.

Om den gåverike Torkjell, korporalen, byggmeisteren og treskjeraren, lensmannen og juristen, autorisert procurator osb. sjå Hol I, s 404 ff og 466 ff., og O. Olafsen og R. Berge: «Villands-ætten», og LR: Villandane, s 33 ff. og s 114 ff. Han fekk av farbroren Tolleiv Tolleivson Rikansrud, som han hjelpte mykje på tinga, garden Strand i Ål, del i Tune, dessutan Nyhus og del i Sundre. Sette seg først ned på Nyhus i 1744, bygde der Nyhus-stugu (no på Frognerseteren ved Oslo), sidan hadde han garden nedre Sundre, der han 1764 bygde den store bygnaden, seinare brukt til tingstugu i Ål (nedbrent 1931).

Etter eigenhendig søknad 3/6 1755 vart Torkjell lensmann i Ål hovedsokn, og etter ny eigenhendig søknad 12/1 1756 vart han av amtmann Just Must autorisert prokurator, på line med dei andre prokuratorene i amtet. Han hadde snart flest saker i Ål og Hol, stundom og lengere nede i dalen.

Søknadene står avskrivne i amtmannens kopibok. Vi tek dei med her, fordi dei er dei einaste skriv vi har, der Torkjell sjølv eigenhendig fortel om seg sjølv. Dei er i stil og uttrykksmåte (i sitt danske språk, som Torkjell har lært seg tolleg bra) svært karakteristiske for han:


Høyædle og Velbaarne hr. lustitz Raad og Amtmand

Just Must, Naadige Herre!

Da det haver behaget dend almægtige gud, ved en salig og sød død, at henkalde Lænsmanden over Aal hoved sogn og Torpe Annex den 27 de April nestafvigte, navnlig Thore Michelsen Hoff, og som jeg nu nest guds hielp er kyndig i at forrette et lænsmands Embede naar samme maatte mig betroes, aller helst efterdi jeg i de sidste aaringer velbemelte Thore Hoff levede gik ham meget til haande i hans fornemste Embeds forretninger, da ieg og dette foruden nu over een maaneds Tiid har forretted dette Embede efter Fogden Velædle hr. Iver Madsens skriftlige befaling til mig under 7 de mai dette aar, hvilket alt giver mig andlendning her allerydmygst at udbede mig dend gunst og godhed at det maatte behage Deres Høyædelhed at ordinere mig til Lændsmand over Aals hovedsogn og Torpe Annex, udi merbemelte afgangne Thore Hoffs stæd; forsikrende her med Deres Høyædelhed at forrette dette Lænsmands ombud, som det Een ærlig oprigtig, lydig og troe lensmand egner og vel anstaar, i alle forefaldende begivenheder. Hvornest ieg bliver med beste ønske

Sundre i Aals Præstegield den 3 Iunj 1755.

Høyædle og Velbaarne hr. lustitz Raad og
Amtmand Naadige Herres allerunderdanigste nener

T. Willand.


Høyædle og Velbaarne hr. Justice-Raad og Amtmand

Just Must Naadige Herre!

I største submission fordrister ieg mig hermed for Deres Høyædelhed at insinuere denne min underdanigste andsøgning, og sandfærdige forestilling, som bestaar herudi, at som det er Deres Høyædelhed selv meget vel bekiendt, at her udi Aals-præstegield og Hallingdahlen findes blant dend gemeene almue og Bondestand neppe en ja ingen der kand gaae dennem tilhaande, naar som helst en mand der er foraarsaget til Tinge eller i andre maader at andlegge Sag mod sin part i een og anden begivenhed, der kand eller i andre maaucx at auiuv damentale Omstændigheder kunde andrage og paastevne, såa at enfoldige Folk derved ofte ved mislig omgang, av muntlig stevnemaalers forkyndelse ved uoplyste stevnevidner vorder sinket udi deres ræt, som og at mangen en Sag der medfører ofte de Omstændigheder, at een enfoldig bonde selv ikke kand forestaa at Dokumentere samme for Dommeren, bliver ilde oplyst serlig naar een af partene haver Procurator mod sig, der ikke kand forstaae de adskillige invendinger, at gjøre sin veddersigelse grundet paa Lov og allernaadigste forordninger her er og den beskaffenhed at Procurator Monsr. Nachschow som stedse reiser her til de Hallingdalske tinge og haver adskillige sager, er for det meste den eeneste som procederer Sager; såa at den andre part i saadan Sag om hand vilde have en Talsmand imod ham til sin Sags Contra defention, kand han ikke nogen bekomme; Såa skulde ieg allerydmygst forestille og begiære at det maatte behage Deres Høyædelhed i andledning af sit høye Embeds medfør, og paa grund af Deres Kongl. Mayts. allernaadigste Forordning dat. 19. Aug. 1735, gunstigst ville beskikke og authorisere mig til at gaae i rette udi Hallingdahlen udi de Sager hvorudi ieg av godt folk kand blive forlanger, og som ieg synes kanel have een retfærdig Sag at føre, efter di ieg haver nu i mange aar lagt mig vind paa at tillæse mig meget av Lov og Forordninger, ja og haft adskillige Sager for mine slægtninge at udføre, mit een maal og øyemerke skal da være til at elske Ret og retfærdighed, ja naar muelig at stræbe at see parterne forligt i de Sager mig maatte vedkomme, og ieg maatte være opdraget at have under hænder, da ieg vil forsikkre Deres Høyædelhed, at ieg saaledes derudinden mig for Rætterne skal opføre som det er enhver Talsmand sømmelig og andstændig, samt i følge av Lov og Forordninger at udføre min parts Sag som ieg derfore vil bekiendt være.
Her paa forventes underdanigst Deres Høyædelheds gunstige Constitution, i andledning av allerhøyst-bemelte Forordning.

Sundre Aals præstegield dj. 12 Janvarj 1756.

Jeg forbliver med største Submussion Høyædle og Velbaarne
hr. Justitz Raad og Amtmand Just Must
Naadige Herres tiener

Torchild Olsen Willand

Torkjell fekk autorisasjonen 22 l 1756 og vart procurator Willand og Monsr. Willand, og nemnd med berre etternamnet som dei andre procuratorane.

Born føre ekteskapet:

  1. Jørann Torkjellsdtr. f 1741 d på Nos 1827 (tolleg sikkert ho som Torkjell betalte leiennålsbot for i 1741). Ho var seinare på Sundre hjå Torkjell, — ho vitna t.d. saman med kona til Torkjell (stykkmora) om noko som hadde gått føre seg der på garden (1771). Jørann hadde ug 3 born:
    1. Torkjell Rasmussen f 1765, far: sersjant Rasmus Uthus, Ustedalen; Torkjell d på Kvinnegarden i 1834, ug.
    2. Ola Rasmussen f 1768; far: den same sersjant Uthus, Ola d 1825, ug.
    3. Liv Knutsdtr. f 1776; far: Knut Sundreplassen; Liv hadde og ug 3 born:
      1. Ragnhild g m ein sjømann i Holmestrand.
      2. Jørann Levordsdtr. Sundre f 1798; far: Levord Levordson Garnos, g m Sjugurd Trondson Sundre (son av Trond Rud, Nes, og kona, Margrethe f Rasck (Rascke-ætta). Sjugurd kjøpte på auksjon 1810 den halvparten av garden nedre Sundre som Ragnhild Torkjellsdtr. Villand — Sundre ei kort tid då sat med. Etter kona til Sjugurd, Margrete (Grete) Pettersdtr., vart garden kalla Gretegarden og stugu Gretestugu (bygt av Torkjell Villand). Borna til Jørann og Sjugurd:
        1. Ola Sjugurdson Sundre f 1828 g m Haldis Guttormsdtr. Hansebråten f 1830, hadde Gretegarden og Gretestugu.
        2. Kristian S. Sundre, i Sandehuso, f 1830.
        3. Johan S. Sundre i USA, N.D.
        4. Petter Sjugurdson Sundre — Holshagen f 1841 g m Gro Ellingsdtr. Rueberget, f 1847, postførar, hadde nordre Holshagen, Hol, ingen born.
      3. Birgit S. Sundre f 1821, ug, son: Tolleiv Tolleivson Sundre f 1854, landhandlar og postopnar i Hol (Tollef Sundre) g m Anne Knutsdtr. Nerolshaugen, Hol, f 1854 (sjå Solbakken under søre Nestegard i Hol III, s 685). Birgits born elles sjå Hildet s 176.
        1. Kirsti S. Sundre g m Ola Jenson Kanafetmyren.

  2. Kari Torkjellsdtr. f 1745, mor: Margit Larsdtr. Storedal, Torpo.

Torkjells eine barn i ekteskapet:

  1. Ragnhild Torkjellsdtr. Sundre f 1746 g m Lars Larson Hove f 1741, skilt føre 1801. Ragnhild kjøpte i 1803 halve nedre Sundre, men garden vart selt frå henne på auksjon i 1810, — korporal Trond Sjugurdson Rud (ovanfor) kjøpte garden.

    Ragnhild og Lars hadde eitt barn:

    1. Astrid Larsdtr. Hove f 1767 g m Eirik Andresson søre Nestegard frå Hol, f 1758. Dei hadde nokre år heile Torkjells gard samla, men bytte han så til Per Halvorsen Nes, som i 1803 selde halvparten til Ragnhild Torkjellsdtr. (ovanfor). Astrid og Eirik budde sidan i Sundrehago, vart separerte i 1806.

      Deira born var:

      1. Åse Eiriksdtr. Sundrehago f 1787 (Kb) g m Torkjell Knutsen Strand f 1774, reiste i 1826 til Nærøy i Romsdalen med 5 born: 1. Torkjell f 1809. 2. Ragnhild f 1812. 3. ”Lars f 1814. 4. Astrid f 1820. 5. Ågot f 1824. Den siste vart i 1850 g m Elias Jørgen Jeremiassen. Soneson deira, landbrukskjemikar, ing. A. Moen, Trondheim (var med på Villand-Hjermann-ættestemna Raggsteindalen sumaren 1963).
      2. Birgit Eiriksdtr. Sundrehago f 1793 g m Ola Andresson Hove f 1797. 4 born:
        1. Andres Olson Hove g m Anne Tolleivsdtr. Helling.
        2. Lars Olson Hove g m Kari Henriksdtr. nordre Hus, budde i Sundrehago.
        3. Anne Olsdtr. Hove f 1817 g m Tolleiv Levordson Dengerud, mel. borna deira: Ole T. Ruud, fanejunker, dir. i Ål sparebank, med i heradstyret, osb.
        4. Ragnhild Olsdtr. Hove f 1830 g m Per Halvorsen Ulshagen f 1825. Budde på Varaberg. 10 born. Mel. dei: Lars P. Varaberg, på Sundre, bankkass. g m Gurid Andersdtr. Sundre. 3 born: a. Per L. Varaberg, Ål. b. Ragnhild Varaberg, bankkass. c. Birgit L. Varaberg, g m styrar for Hall.dal arbeidsskule, Kristofer Djupedal. Deira son: Professor Reidar Djupedal ved Universitetet i Trondheim.
      3. Ola Eirikson Sundrehago f 1797, g, barnlaus.
      4. Astrid Eiriksdtr. Sundrehago f 1800 d 1885 g m Ola Trulson Hove f 1800, «Trulseguten».
  1. Ingeborg Torkjellsdtr. Sundre f 1755, gravlagd 6/5 1761, mor: Barbro Knutsdtr. Sundreeige.
  2. Eit barn: f 1760, mor ukjend, — Torkjell måtte betala dubbelt leiermålsbot for dette leiermålet, skulle straffast på «yderste formue», og heldt på miste stillinga som lens mann. Men amtmannen berga han, fordi han var slik ein uvanleg dugande lensmann, endå han først hadde gjeve futen ordre til å reise ekstrarettssak mot «Torkjell Sundre», som Torkjell kalla seg i dette høve, så amtmannen først ikkje kjende han att (sjå LR: Villandane s 125).

(X) 3. Margit Olsdtr. søre Villand f 1724 g m Eirik Olson søre Barskrind, Margit kom som ung jente til Rikansrud til farbroren, Tolleiv Tolleivson Rikansrud, og vart ca. 1743 g m Eirik Barskrind. Margit og han fekk garden Rikansrud av farbror hennar. Dei forbetra garden mykje, braut åker og grov grøfter (såleis føre si tid), og bygde nye hus. Born:

  1. Tolleiv Eirikson Rikansrud f 1744 g 1767 m Ambjørg Torsteinsdtr. Skrattegard, brukte søre Barskrind. Tolleiv vart drepen av tenestguten sin, Lars Helling. Dei hadde to døtrer: 1. Kristi Rikansrud f 1765. 2. Margit Rikansrud f 1767. (Jfr. Ål III, s 208).
  2. Birgit Eiriksdtr. f 1746 g m Sjugurd Danielsen Sørbøen, f ca. 1739, hadde søre Sørbøen, kjøpte 1794 søre Barskrind. Då ein føretalsmann for ein friar til ei av døtrene, skrytte av garden til friaren, sa Birgit: «Seg me ’kje tå garde, men seg me tå kare!» Dei hadde 5 søner og 3 døtrer (Ål III, s 208).
  3. Halldis Eiriksdtr. Rikansrud g 1782 m Ola Olson søre Tistelsgard (Torkjellsgard), Vats, f 1748, 4 søner og 6 døtrer. Same ætta sit enno på garden. Ho kom og til søre Mehus, Holet i Hol.
  4. Kristi Eiriksdtr. Rikansrud f 1747 d 1809, g m Knut Olson Skattebøl f 1746. Kjøpte 1801 Amundgard-Strand. 5 søner:
    1. Ola Knutson d.e. f 1773 g 1. g m Kristi Larsdtr. nordre Strand f 1786, g 2. g m Jørand Torsdtr. Bekkestad f ca. 1795. Overtok Amundgard-Strand og Gudbrandsgard-Strand. Med 1. kona 7 born, med 2. kona ei dotter.
    2. Eirik Knutsen Skattebøl f 1775 g m Guro Eiriksdtr. Svenkerud. Kjøpte 1806 Skattebøl av faren. Det gjekk ut med han, og største panthavaren, Lars Tolleivson Nos, kjøpte garden på auksjon 1831. Alle borna til Eirik til Am.
      Lars Nos — Skattebøls ætt hadde garden til nyleg, sist: Lars og Torgny Reinton.
    3. Tolleiv Knutsen Skattebøl f 1781 d 1834 g m enkja Anne Aslesdtr. nordre Stave f 1768.
    4. Ola Knutson Skattebøl d.y. f 1784, «Vesle-Skottebølen», g m Guri Olsdtr. Nos f 1794.1 1821 i Botne, Vestfold, i 1827 i Nærøy, nokre år seinare komne til Grong i Namdal, husmann under garden Berre i 1841. 8 born:
      1. Kristi Olsdtr. f 1811 g m bonde Ola Olson Sørli, f på Verdalsøyra 1819, 3 born, og mange etterkomarar.
      2. Ola Olson Skattebøl d.e. f 1816 g m Maria Stefansdtr. Liavik, Kolvereid, på Bjørnskinn i Dverberg, jordbrukar, kardemakar, messingstøypar, smed og snikkar. 4 born, stor etterslekt.
      3. Knut Olson Skattebøl f 1817, «Halling-Knut», plassmann i Mjosundet under garden Flott på Hølondo, Namdal, g m Elen Jakobsdtr. Flott, f 1818, jordarbeidar, snikkar, laggar, felespelemann. 3 born.
      4. Svein Olson Skattebøl f 1821 g m Anne Ivarsdtr. Sklettneset. Kjøpte gardeparten Sklett, hag og «netthendt, sjølvstendig, viljefast». 2 born.
      5. Ola Olson Skattebøl («Halling-Ola») f 1827, g m Anne Gurine Mortensdtr. Feset, frå Ogndal f 1839. Bygde hus på Sklett. 2 born: Ole Georg f 1862, og Matias Ohon Jørum f 1868, g 1. g m Maria Ivarsdtr. Malm, f 1868, g 2. g m Anna Andreasdtr. Lyngstad, Inderøy f 1873. Faren miste pengar ved kausjonering, vart helselaus; farbroren Ivar på garden Jørum tok Matias til seg då han var 5 år gamal, tok namnet Jørum, lærar, kyrkjesongar, skuleinspektør i Sande, Vestfold, til slutt lærar i Sparbu. 12 born. Mel. dei Astrid Jørum - Skare f 1891, stortingsrepresentant frå Buskerud, g m lærar Torbjørn Jonsso Skare, Åros, Røyken.
      6. Ola Georg Skattebøl f 1832, d ung.
      7. Syver (Sivert) d som barn.
      8. Ivar Olson Skattebøl (Jørum, «Halling-Ivar») f 1835 g m Olise Jensdtr. Aurstad, Harran f 1832. Faren døydde då Ivar var 6 år gamal, sett bort på legd. Dreiv med ymse til han i 40-årsalderen kjøpte garden Jørum, Grong; vart ein velhalden mann. Tok til seg brorsonen Matias (Oppl. frå Matias Jørum).
  5. Ragnhild Eiriksdtr. Rikansrud f 1749 d 1802, g m Mikkel Toreson søre Hove, Ål, son av lensmann Tore Hove (f ca. 1717). Mikkel slo seg på drikken, ekteskapet var ulykkeleg både for Ragnhild og mora Margit Rikansrud, og for borna (sjå LR: Villandane s 185 ff. og Ål III, s 178). Søner:
    1. Eirik Mikkelson Hove f 1778, kjøpte søre Hove av faren i 1801. Det vart uvenav seg sjølv i arresten i tingbygninpen *«* ° ’—i 1808. Ei dotter: Ragnhild av seg sjølv i arresten i tingbygningen på Sundre i 1808. Ei dotter: Ragnhild Eiriksdtr. (sjå nedunder).
    2. Tore Mikkelson, vart funnen drukna under fløyting av timmer i Nes.
    3. Tolleiv Mikkelson, funnen død ved Tunhovdijorden, d av «hunger, tørst og frost», heitte det.
    4. Torkjell Mikkelson Hove f 1784. Kjøpte 1811 Hove av enkja etter Eirik Mikkelson, men selde garden 1829 til Lars Tolleivson Medgarden, lærar, f 1800, g m. Ragnhild Eiriksdtr. Hove (ovanfor). Han bytte garden uti nordre Helling, og flytte dit (jfr. Ål IV, s 301).
      Også ei dotter:
    5. Margit Mikkelsdtr. Hove f 1774, g m Embrikk Olson Ulshagen f 1774, hadde sonen Ola Embrikkson f 1801 på Bakke i Votndalen, g m Helgæ Larsdtr. Bakken ved Sando, f 1805, som bygsla søre Grasstauren, Nes. Eldste dotter deira, Borghild Olsdtr. f 1831 g m Herbjørn Eirikson Livgard f 1826, Garnås, Nes. Mel. etterkomarane deira, Ola Livgard, ordf. o.m., Nes. Oppi. av Ola Livgard, i brev nov. 1973.

(XI) 4. Svein Olson Villand f 1733 g m enkja Anne Torjusdtr. Sato, Ål. Om Svein, som i 1765 tok livet av Arne Uppheim eller Bøygard, og sidan gjekk fredlaus, til han etter tradisjonen døydde i eit eldhus på Mørk i Hovet, gravlagd «i roe Hougen» (sjå Hol I, s 482 S. og LR: Villandane s 55 ff og 166 ff). Ei dotter:

  1. Ragnhild Sveinsdtr. Sato f 1764, ved skiftet etter mora i 1784 20 år gamal, nemnd som vitne i ei sak 1794. G 1797 m Eirik Eirikson Bjella f 1766, då kalla Gjelddker. Vi fann henne etter at ho lenge hadde vore ute av syne. Eirik d 1836, Ragnhild d 1842. Dei hadde bruket Veslestølen under Myking, også kalla Mykingplass. Det første barnet var fødd på Bjella, dei andre på Veslestølen:
    1. Eirik Eirikson f 1798 g i Ål 1829 m Guri Olsdtr. Sataslåtten f 1802, fekk skøyte på Sataslåtten (Røyseplassen) i 1832. Til Am. med alle borna i 1845; borna tok namnet Solseth.
      1. Erick Solseth f 1829 d 1910 g m Ågot (Engerslund) Nelson f 1836 d 1905. 8 born.
      2. Ola Solseth d.e. f 1831 d 1874, Harmony, Minn.
      3. Svein (Tom) Solseth f 1833 d 1895 g m Gurie Ristie, 11 born.
      4. Ragnhild f 1842, ug.
      5. Rev. (prest) Ole E. Solseth f 1844 d 1908 g m Liv Maland f 1849 d 1920, 8 born; sonen Leonard Ingard Solseth f 1890, lever i Minneapolis, Minn. (1971).
        (Oppi. frå Mrs. R. L. Solseth, Fridley, Minn. 10/8 1971. Mannen til Mrs. R. L. Solseth er barnebarn av Rev. Ole E. Solseth.)
    2. Gro Eiriksdtr. f 1802 på Mykingplassen g 1838 m Lars Tomasson Grønhola (Granholen) i Hovet, f 1805. Bygsla Grønhola (under nordre Villand).
    3. Birgit Eiriksdtr. f 1806 på Veslestølen (Mykingplassen).
    4. Anne Eiriksdtr. f 17/6 1808, g 1838 m Aslak Nubson Sundre el. Trolløyn. Hadde Høgnerudgardane i Hovet 1850—56, til Am. 1857 (sjå nedre Høgnerud og utflytta derifrå (V. VI) og (VII) — (XI).
      (Mr. Donald Nupson, Spring Valley Minn., arbeider med oversyn over Solseth-familien, oppl. av Mrs. R. L. Solseth 1971).

Til Sogn

(XII) 1. Margit Tolleivsdtr. søre Villand f 1751, g m Hans Nilson, Sogn. 8/4 1802 tok Hans Nilson på vegne av kona si, Margit Tolleivsdtr., mot arven etter mor til Margit, Kari Larsdtr. Villand, av verbroren Elling Tolleivson Villand, 19 rdlr. 2 ort. Kvitteringa er skriven på Villand, der står: «Og efter at jeg Hans Nilson haver vist og sted i Bergenhus, haver jeg givet min broder fuldmagt at indfordre arv og skrive og besegle quitteringen». Ved sida står Anders Nilsøn og hans signet. Born: (nemnde av Halvor Berg og i skft. etter Elling Tolleivson Villand):

  1. Ambjørg Hansdtr. g m Trond Christoffersen Høyum (i skft. etter Elling: Høyumseie), i Luster.
  2. Kari Hansdtr. g, i Hafslo.
  3. Brita Hansdtr. g m Johannes Johannessen Næss, i Luster.
    I Jon Labergs bok «Luster» finn vi ikkje desse under Høyum.

Til Ål

(XIII) 2. Åse Tolleivsdtr. søre Villand f 1765 g m Lars Pålson søre Nerol f 1748, på Åker, i Øygarden og til slutt på søre Rime i Ål. Etter henne er ein slått nemnd «Åse Villand» eller «Raggsteindalsslåtten» (sjå LR: Vill., s 31), 6g kalla «Asle Myro» (Magne Myhren).
Då Lars var død i 1814, sat Åse med søre Rime til 1839. Ho tenkte å gifte seg oppatt med Nils Knutson Strand, som flytte til Rime «med sin familie og husholdning». Det var 6g lyst for dei i kyrkja. Men så drog han seg tilbake frå det heile. Og Åse stemnde han 15/1 1817 for forlikskomm. for brote ekteskapsløfte. Ho forlangte at han skulle stå ved det han hadde lovt, eller «i mangel deraf at erstatte for last og skade hun derved er tilføyet.» 21/1 1817 vart det forlik: Det påtenkte ekteskapet skulle vera om inkje, og eit økonomisk oppgjer skulle følgje, mel.a. leverte ho tilbake «en rød stoffels kaabe og en forgylt bringering av sølv», som ho hadde fått av Nils.
Åse fekk ein arv på 1000 spdlr. etter bror sin på søre Villand, Elling Tolleivson. Etter at sonen, Tolleiv, hadde overteke søre Villand, gav han skriftleg avkall på retten til søre Rime til beste for systera, Kari Larsdtr., skøyte skulle bli gjeve til henne. Båe brørne, Ola og Pål, var då døde utan livsarvingar.

Borna til Åse og Lars Pålson som vart med til Rime:

(XIV) a. Tolleiv Larson Rime f 1789, kom tilbake til Hol og overtok søre Villand i 1835.

(XV) b. Pål Larson Rime f 1795 d føre 1836.

(XVI) c. Jørand Larsdtr. f 1800, var på Rime, ug i 1836.

(XVII) d. Kari Larsdtr. Rime f 1807 g 1. g m Lars Halvorsen nordre Leksvol; g 2. g 1837 m Tolleiv Hallsteinson Lauvsletto, Torpo, f 1804. Tolleiv Hallsteinson var frå garden Lauvsletto («på Lauvsletto»), frå-skilt Lien (som frå 1922 er jordbruksskole for Hallingdal); han var son til Hallstein Bjørnson Lauvsletto f ca. 1796 og kona, Eli Olsdtr. Broren Bjørn hadde garden, g m Guri Larsdtr. Høgnerud, frå Hovet i Hol. Etterkomarane deira har framleis Lauvsletto (jfr. Ål III, s 44).

Kari Larsdtr. Rime og 1. mannen, Lars Halvorson’s, born:
  1. Guri Larsdtr. Rime g m Nils Sveinson Holto, Ål. Mell. dei 7 borna deira: Dordei Nilsdtr. Holto f 1/1 1856 g m Sjugurd Olson Kvamen, Hol, f 1847 (jfr. Hilde s 166).
  2. Åse Larsdtr. f 1833 g m Sander Eirikson Rue i Hovet f 1821, hadde Rue frå 1856; til Am. (sjå Rue i Hovet og utfl. derifrå).

I 1839 selde Åse garden Rime til dottera Kari og 2. mannen hennar, Tolleiv Hallsteinson frå Lauvsletto, Lien, Torpo.

Kari Larsdtr.’s born med 2. mannen, Tolleiv Lauvsletto (som hadde Rime frå 1839):

  1. Hallstein Tolleivson Rimeslåtten g m Barbro Wilhelmsdtr. Eidsgard, frå Gol. 4 born (Hildet, s 167).
  2. Lars Tolleivson søre Rime f 7/7 1852 d 1912 g m Guri Brenn, Gol, f 15/6 1867 d 1942, kjøpte garden Breiset i N. Aurdal, ova Fagernes, og flytte dit. Borna til Lars og Guri:
    1. Olaug Rime f 17/3 1887 g m Harry Slater f 1894, forr.mann, Skipton in Graven, Yorkshire, England. Eitt barn:
      1. Anne May f 12/5 1924 g m Alexander John Haig Mac Lennan f 1918, lege, Isle of Skye, Invernsshire, Skottland. Born: a. Anne Olaug f 1951. b. Donald James f 1953. c. Rona May f 1957.
    2. Kari Rime f 11/4 1890 d 1966 g m Torleif Hodne f 1886, Myking, Lindås, lærar i over 40 år i Bøverstogo i Etnedal. Born:
      1. Liv Hodne f 11/7 1915, g 1. g m Kåre Eirik Gullvåg, Asker (son til forfattaren Olav Gullvåg). Eitt barn: a. Olav Gullvåg f 1936, skipsoffiser, Kr.sand, g m Astrid Torp. Dotter: Elin f 1967.
        Liv g 2. g m Håkon Bålstad, sysselmann på Svalbard og byfogd i Kr.sand.
        Liv gav som forfattarinna Liv Bålstad ut boka «Mord for det øde hav» (1955), frå Svalbard. Liv og Håkon har sonen: Stein Bålstad f 1947, student.
      2. Odd Hodne f 1917, eig og driv ein skiskule i Squaw Valley, USA., ug.
    3. Torleiv L. Rime f 23/2 1892 d 1960 g m Berit Nes, N. Aurdal, Valdres, f 1894, overtok ca. 1923 garden Vesle-Strand, N. Aurdal, særleg interessert i hestar og husdyravl. Born:
      1. Gudrun Rime f 26/1 1916, g 1. g m Sverre Næss, frå garden Nes i N. Aurdal, med i heimefrontarbeid, døydde i fangenskap i Tyskland 1944. Gudrun g 2. g m prof. og rektor ved Noregs landbrukshøgskule på Ås, Håkon Wexelsen, f 1898.
        Gudruns barn med 1. mannen:
        1. Sissel Næss f 1944, sjukesyster med jordmorutdan., nå anestesisøster (narkosesøster) på Gjøvik sjukehus, g 1973 m Jan Meldal, frå Mosjøen, f 1949, på teknisk skule, Gjøvik.
          Gudruns barn med 2. mannen:
        2. Berit Wexelsen f 1951, student i 1971, arb. f.t. i barnehagen til NRKfunksjonærane, Oslo, barnehagepraktikant med tanke på Barnevernsakademiet (1973).
      2. Lars T. Rime f 1917, har bilforretninga Rimes Auto på Gjøvik, g 1. g m Heidi Stang, Oslo, g 2. g m Gunhild Bråten, Nes i Hall.dal (av Kønningen — Devegge-ætta). Born med 1. kona (med 2. kona ingen):
        1. Torleif L. Rime f 1943, g m Turid Johansen f 1952, bur i Oslo, ingen born.
        2. Bjørn L. Rime f 1945 g m Liv Ramsberg, sosialkurator, i Trondheim. Born: 1. Line f 1970. 2. Thea f 1972.
      3. Juul Rime f 1919, medeigar i bilforretninga Rimes Auto, Gjøvik, g m Anne Marie Rydlang, Ulnes, Valdres. Dotter: a. Berit Rime f 1968.
      4. Einar Rime f 1922, bonde, N. Aurdal, g m Elida Bø, Ulnes. Born: a. Bjørg f 1964. b. Tolleiv f 1966.
      5. (Adoptivson): Finn Rime f 1926, h.r.advokat, Oslo, 2 born.
    4. Torbjørn L. Rime f 25/2 1898, farmar, S. Dak., USA, g 1. g m May Gubberud. Barn:
      1. Gloria Jean f 1924 g m Normann Nygaard, forretn.mann i S.D. Born: a. Sandra f 1950. b. Jay f 1952. c. Scot f 1959.
      Torbjørn g 2. g m Elida Strand.
    5. Lage L. Rime f 25/2 1898 (tvill, med Torbjørn) d 1966, S.D. USA, ug.
    6. Sigurd L. Rime f 1900 ug, har farsgarden Breiset, N. Aurdal, leiger han no bort; har rudt og bygt ein ny heim på ei øy i elva nedanfor garden, som han kallar «Villand»; har allsidige gjevnader som teiknar, målar, treskjerar^ i heimen mange verdfulle ting han har laga.
    7. Gunnar L. Rime f 1903, lærår på Fagernes, g m Marit Åmot f 1916, tannteknikar, laboratorium i nybygd heim på Fagernes. Born:
      1. Lars Rime f 1941, forstkandidat, vit.ass. på Landbrukshøgskulen på Ås, nå overlærar på Oppland skogbruksskule, Brandbu (frå 1972), g m Liv Frøyland, Drøbak, sosialkurator. Born: a. Line f 1969. b. Trude f 1972.
      2. Inger Rime f 1944 lærår, g m Ragnar Marstein , frå Lom, kontormann, Moelv. Barn: a. Kari f 1969. b. Rune f 1972.
    8. Anne L. Rime f 1907, ug, på farsgarden saman med broren Sigurd, steller saman med han i det nye huset.
      (Dei fleste oppi. om Villand-Rime-ætta i Valdres ved Gudrun Rime Wexelsen, Ås.)
  3. Birgit Tolleivsdtr. Rime, ug.
  4. Eli T. Rime g m Håkon Asleson Skalle. 4 born; mel. dei: Asle Håkonson f 1868 g m Margit Ellingsdtr. Skøro, Sudndalen i Hol (Hildet, s 167).
  5. Kari Tolleivsdtr. Rime f 19/7 1845, g m Lars Asleson Stavejorde, Ål, f 1841, 12 born (sjå Hildet, s 168).

Til Sigdal

(XVIII) 1. Anne Pålsdtr. Villand f 1893 d 1919 g m Anton K. Vik, Sigdal, f 1891 d 1960, hadde garden Vik, Prestfoss, Sigdal. Born:

  1. Turid Vik f 19/6 1914 g m Gunnar Grøterud, Vikersund, i Oslo. 2 born: l. Anne Marie og 2. Åse.
  2. Knut Vik f 25/3 1916 g m Anna Skjelbred, f 1921, ved Kaggefoss fabrikker, Geitl Born: 1. Anne-Karin f 1951. 2. Tor-Arne f 1953. 3. Torstein f 1955.

Oslo — Modum.

(XIX) 2. Kristi Pålsdtr. Villand f 1896 g m Herman Tufto, f 1888, sjå utflytte frå søre Tufto, Ustedalen.

Til Hedmark — Oslo.

(XX) 3. Birgit Pålsdtr. Villand f 5/9 1898, ug, Sjukesøster i Hol, helsesøster i Hof og Vang, Hedmark, sidan ambulerande tuberkulin- og helsesøster i alle legedistrikt i Hedmark, siste åra ved Statens skjermbiletfotografering (B.C.D. vasksinasjonssøster på skjermbiletbåtane på kysten), busett i Oslo.

Til Modum.

(XXI) 4. Sissel Pålsdtr. Villand f 13/2 1901, ug, sjukesysterutdanning med tilleggskurs, menighetssøster, styrar av barneheimar, gamle- og åndsveikeheimar, no ved NRK Tomtebo Barnehjem, Modum, styrarinne (1971).

Til Gol.

(XXII) 5. Pål P. Villand f 14/1 1903 g m Barbro Eidsgaard, Gol, f 1905. Overtok Eidsgaard hotell i Gol i 1928, bygde det om til 30 gjester; teke av tyskarane under krigen, opna igjen 1946. Dotter: Solveig Kirsten Villand f 19/7 1929, språkskular, hotellfagskular og hotellpraksis i Noreg og USA, g m Magnar Lindheim, Vestnes, Romsdalen f 1924, militærutdaning, befalskule, ingeniørvåpenet, kaptein ved H.V.-skulen, Torpo. Dei overtok hotellet 1960, og utvida 1965 og 1970 til plass for 65—70 gjester. Barn: a. Britt Helene f 1961.

Skien.

(XXIII) 6. Ingeborg P. Villand f 25/6 1904, g m Martin Dalsbotten, frå Flåm, Sogn, utdana agronorn, har garden Gulset, kjøpt 1926 i Skien, hestehandlar og hestekar, bonde med 18—20 kyr og 1000 mål skog. No held Skien på og eksproprierer garden til tomter. Born: a. Brita f 1930. b. Knut f 1931 g m Rita-Brit Rath, Oslo, f 1944, 3 born.

Vikersund — Modum.

(XXIV) 7. Erik P. Villand f 25/10 1906 d 1968, g m Gudrun Ryen, Askim, f 1911 (hennar mor, Anne, f Annfinnset). I Canada nokre år, kom heim, arbeidde i hotellnæringa på Geilo, kjøpte Grand Hotell, Vikersund, 1937, arbeidt fram til eit velrenomert hotell. Born:

  1. Sissel f 1938, lærarinne, g m Gunstein Sture, lærar, båe tilsette ved Moss skule (1971), bygt hus på Moss.
  2. Pål E. Villand, f 1954, i hotellverksemda, skal vel overta hotellet, Vikersund.

Til sjøs.

(XXV) 8. Torstein P. Villand f 17/9 1908 g m Solveig Engen f 1918, Oslo. Handelsgym. Kontormann på «Sagafjord» (1971). Son: a. Per f 1943.

Til Oslo.

(XXVI) 9. Jørann P. Villand f 21/4 1912 g m Hans Velund f 1909. På Tåsen, Oslo, driv med hestar, har rideskule og arrangerer kanefartar og rideturar over Hardangervidda. I det siste vekesturar mellom Raggsteindalen turisthytte og Myking i Nes (saman med Den norske Turistforening). Son: a. Karl Gunnar f 1947, ug. driv eigen rideskule i Moss.

Til Modum.

(XXVII) 10. Ragnhild P. Villand f 1915, ug., tilsett ved barneheim i Vikersund.


Sist oppdatert: 2005-07-19
Per Villand